Hardanger trefelling AS

Hardanger Trefelling AS er eit lokalt firma med base i Hardanger, som tilbyr trygg og effektiv trefelling for både privatkundar og bedrifter. Me har spesialisert oss på seksjonsfelling ved hjelp av klatreteknikk – ein metode som gjer det mogleg å fella tre trygt, sjølv i tettbygde område eller nær bygningar og kraftliner.

Me tek på oss både enkle og krevjande oppdrag – frå småtre i hagen til store tre som krev presisjonsarbeid. Med fagleg kompetanse, rett utstyr og ansvarsforsikring kan du vera trygg på at jobben vert utført på ein sikker og skånsam måte.

Tenester me tilbyr:

  • Trefelling og seksjonsfelling

  • Hogst og skogrydding

  • Linjerydding og rydding i tett vegetasjon

  • Kapping av greiner og toppar – utan å skade treet

  • Gratis befaring i Kvam, Kvamskogen, Bergen og nærliggjande kommunar

Me utfører oppdrag med hovudfokus på Hardanger og omkringliggjande område.


Utleige av utstyr:

Me tilbyr også utleige av Timberwolf Flishugger – 190mm x 190mm innmatningsåpning. 45Hk kubota diesel motor sørger for god kapasitet. To meget kraftige hydrauliske innmatervalser med autofeed sørger for overraskende god innmating. Totalvekt på henger er 1018kg. Det er bremser på understellet. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.


Tryggleik først:

Me er fullt ansvarsforsikra. Det betyr at du som kunde er økonomisk sikra dersom eit uhell skulle oppstå.